logo              
   Veg vidare:
    Innset    Seterboka    Norddal prestegard    Div. foto          
    Verdensarv    Kontakt    Skiminner     Norddal idr.lag         
    Lekkjer    Dyrdalen     Dialektordbok     Øydegard    
    Kverner    Bøker    Kultur/historie/skule    Volda     

BØKER  MED  LITT  KULTURHISTORIE
Under ser du to av dei  bøkene eg har produsert. Til venstre ei bok på 240 sider med mange bilde som fortel om oppvekst under krigen og i etterkrigsåra i Norddal, ei mindre Sunnmørsbygd. Boka er frå 2016, og nokre eksemplar er enno til sals for ein rimeleg penge (sjå om adresse under Kontakt).

           Boka om Dunavollskulen er nyare, ho vart ferdig i september 2022. Det er informasjon om skulen som no er sett opp att i Borgundgavlen i Ålesund av Sunnmøre museum. Litt om historia til skulen og bygda han kom ifrå. Men viktigast er presentasjonen av elevane, bilde tatt og samla av læraren som var på skulen i 43 år. Boka er i hefteform med limfresa rygg på 64 sider, trykt på godt papir på begge sider. Boka inneheld ca. 80 bilde, og formidlar kultur og skulehistorie frå ei tid som snart er borte for notida (litt meir her)

         Skuleboka er på restsal til kr 30,- hos Gudmund Relling i Norddal og hos meg og kan også sendast frå meg i posten (kr 80 med porto)    
         Kortbukseboka er også på restsal til kr 50 per stk. Kan sendast i posten (kr 120 med porto) 
 

Kortbukse
skulen


Foss
Litt av   kvart→ Verdsarv Herdal               NIL
      Norddal Prestegard          Verdsarven   Sæterbok          Herdalssetra   Litt idrottshistorie               
 
Fjordlandskap
NORDDAL

   
    
        Vi  ser den fine sunnmørsbygda Norddal over fjorden frå Linge, - Isen har gjort godt
       arbeid i Verdsarvområdet mot Geiranger (grensa går om lag i snøkanten). Den mektige
       toppen til venstre bak er Torvløysa , 1851 m.o.h.



Bustaden min er
VOLDA - ein fin bygdeby med høgskule, sjukehus, vidaregåande skule m.m., med nær flyplass, ny veg til fastlandet i sør (E39), og fine turmulegheiter sommar som vinter
 
  Kraakenakken
  Voldabygda med Rotevatnet er ei perle ved fjorden.  Dette er noko av den fine naturen og det flotte turterrenget Volda har, vinter og sommar. Senteret i Volda ligg ved sjølina midt på bildet. Utbygginga i Vikebygda til høgre i bildet held fram, også oppover i lia.  Det er for tida stor aktivitet i kommunen, med utvikling av fleire kjøpesenter, idrettsbygg, skulebygg, symjehall og bustadbygningar. Etter samanslåing med Hornindal kommune og folketalsauke elles er Volda om lag lik Ørsta i folketal

                                                                                                                                                                          
                                                                          (tilbake) 

Dialektordbok
I 2012 gav eg ut ei dialektordbok med om lag 4200 ord, som i hovudsak kjem frå Norddal, bygda i Fjord kommune. Men orda er også kjende i andre bygder, spesielt på indre Sunnmøre. Det er ikkkje berre eldre og ukjende ord, men også gode dialektord som enno er brukte. Men som heile tida har lett for å kome bort. Tanken var å avslutte ordbokprosjektet, men det dukka stadig opp ord og uttrykk i samtalar og elles. Og mange av desse blir noterte, slik at eg no har integrert mange av desse orda i 2012-utgåva, saman med korrigeringar. Til kvart ord har eg ei setning på eit tilnærma dialektspråk, som viser ordet i praktisk bruk. Det kan ofte forklare eit ord betre. Slik har det då blitt ei ny 2024-utgåve av dialektordboka, førebels ligg ny trykking i ro, men dersom det blir nok interesse for boka, kan ho kanskje trykkast opp att.
   

Tillegg januar 2024:  Boka er som sagt under revisjon for oppretting og påfyll. Eg har ny trykking av boka litt i tankane, men førebels ligg saka som sagt i ro. Viser til litt om boka nedanfor, og heilt nederst her kan du få gjere oppslag i boka                                                                                   

Ordbok Grade
  Dialektord i praktisk bruk.
Ord frå "Hæ du haurt...."
er i bruk på gradstokken,
produsert i Ørsta
EKSEMPEL på bokside

Orda

Fjordingen

Målpris 



















Denne hyggelege meldinga fekk eg i 2012. Truleg vart det lagt mest vekt på dialektordboka mi. Men også andre prosjekt er nemnt i målprisen. Målprisen eg fekk set eg stor pris på.

Eg har hatt interesse for, og glede i å arbeide med kultur-og lokalhistorie frå heimbygda. Spesielt vart dette meir mogleg når eit travelt arbeidsliv var over. Og språket og dialekten vår er viktig å halde i hevd. Grunnlaget for alt eg har skrive i arbeidslivet; i skulen, i utdanningsforhold og i livet generelt var å bruke det gode og lovbestemte skriftmålet nynorsk. Det målet kan brukast til alt, som f. eks. i jus og i tekniske emne, som ofte vart sagt var vanskeleg. Og dialekten vår, ord og dativ m.m., står på sviktande grunn. Alle dialektar er utsett for eit hardt mediapress, og folkeflyttinga fører også til ei utvasking av dialekt og tradisjonsspråk. Difor ser eg på alle bidrag til berging som nyttige.
     Dialektordboka som i utgangspunktet var meint som notat til eige bruk, vart etterkvart såpass etterspurd at ho har kome til nytte, f.eks. på aldersheimar, i skular og i lokalavisa. Det eg noterte ned om emnet var betre å trykke fann eg ut, enn at det gjekk inn i gløymeboka, som er den største boka. Eg har ikkje klart å få til så mykje fagleg kontroll som eg ønska, men trur og håpar at det likevel held mål til sitt bruk
 
      Om du vil kikke inn i dialektordboka kan du førebels få lov til det her:  
Dialektordbok  korr  jan 24.pdf
 
  - Ord og seiemåtar frå Norddal  
 
Du kan søke på bokstavane i Innhaldsoversikta
(Boka er no og då under retting)

ØYDEGARDEN  BOTNEN
Halvveges på veg til Herdalssætra i Norddal passerer vi eit ope dyrkaområde i elles urøyvd natur.  Knappe 5 km frå Storfjorden ser vi på andre sida av elva eit spennande og mystisk gammalt hus. I mektig natur med høge fjell på alle kantar ligg den gamle øydegarden Botnen. Naturbildet blir forsterka av to frittfallande høge fossar tett ved, i elvar med dei målande namna Knøstelva og Smørelva. Den 3. fossen, Dampfossen, buldrar i elva Herdøla litt lenger framme i den trange dalen. Det er lett for turistar og andre som fer forbi å feste augo på dette, og bli litt forundra over det som må vere ein gammal  buplass

Historie
Botnagarden er ein gammal gard, opprinneleg husmannsplass, som høyrde til garden Engeset, som er ein middelaldergard. I 1694 vart Engeset prestegard. Tidlegare måtte all utmark nyttast til slått, beite og vedhogst for å overleve. Difor vart Botnen nytta av hovudgarden, og busett av plassefolk og paktarar. I 1896 vart Botnen til sals, og kjøpt på auksjon for 902 kroner av Karl Elias Nygaard, og vart sjølveige bruk (bnr. 3) under Engeseth gard. Botnen ligg 300 moh, er litt solmørk, men her vart det dyrka det som trongst på ein gard. Garden var då komplett med fleire bygningar;  som stovehus, løe, kvernhus og smie. Berre hovuddelen av bustadhuset står no att. Det var likevel strevsamt å bu her, og i 1906 flytte Karl Elias og kona Malene (Ytterdal) med sin 7 born, saman med kårfolket, frå garden. Sidan har Botnen hatt fleire eigarar og vore driven som gardsdrift frå bygda. som etterkvart ok slutt. Og i mange tiår har garden vore det ein kalle ein øydegard

BotnenBrua

Øydegarden Botnen ligg enno open i det skogkledde landskapet, knappe 5 km frå fjorden. Herdalsvegen går like forbi, og frå den ser vi lett
Botna-huset på den opne bøen

HusetBotnahuset

Botnahuset frå ca. 1800 som enno er så  pass at det er bevaringsverdig. Planar til restaurering ligg føre, får ein pengar til det, kan dette bli ein framifrå arena for formidling av levemåte, næringsdrift og kultur. Lett nåeleg innanfor Verdsarvområdet i  eit urøyvd og ekte kulturlandskap

Bevaring
I 2019 låg det føre ein god tilstands-og istandsettingsrapport. Som seier det er i siste liten med bevaring, men likevel fullt mogleg å få til. Fylkeskonservatoren i MR har uttalt at det vil ha stor verdi å bevare og setje i stand stovehuset i Botnen, som vil gi ei rik formidling av bygningsarven og den tradisjonelle bruken av landskapet  frå fjorden til setrane øvst i dalen.

Kort grunngjeving for bevaring:
*  
Dette er eit utmarskbruk som kan fortelje komande generasjonar om måtar å overleve på i tidlegare tider, om flinke og evnerike folk
*   Dette er kanskje det einaste eksempelet på ein utmarksgard innanfor Verdsarvområdet (Geirangerfjordområdet av Vestnorsk fjordlandskap)
*   Dette er ein del av eit nesten urøyvd og ekte natur- og kulturlandskap som saman med Herdalen er ein av dei mest særprega seterdalane i fylket
*   Botnen kan bli ein framifrå formidlingsstad  til grupper av publikum og skulelevar, og til dei som ikkje så lett kan nå andre fjord- og fjellgardar
*   Dersom stovehus blir sett i stand og marka ikring stelt, vil dette gi eit godt bilde av den tradisjonelle bruken av denne type landskap
*   Botnen er lokal- og kulturhistorie, ein kulturarv det er vel verdt å ta vare på

SLUTTORD: Teksten ovanfor vart skriven i 2020.  Til i dag (juli 2023) har det ikkje skjedd noko med Botnen. Søknad om tilskot til
                        bevaringa vart innsendt, og truleg innvilga, men saka er framleis uløyst. Og Botnatunet går etter som åra går tilbake
                        til  naturen. Garden har no ei tid vore lagt ut for sal

                                                                                                                                                                                                  (tilbake

  KVERNER

Her er forsidene av ei bok om kvernene i bygda Norddal. I denne vesle bygda har vi registrert i alle fall 23 gardskverner, tilbake
til sist på 1800-talet. Etter siste krigen kom kvernene etterkvart ut av bruk (1950-åra). Då tok forfallet til slik at i dag (2020) står det
att berre nokre få kverner som eit synleg minne om ei tid som var. Der kvernene var eit uvurderleg reiskap i bondesamfunnet i hundrevis
av år. Difor var det kjekt å kunne omtale desse kulturminna, som det er vel verdt å ta vare på. Boka på 140 sider inneheld fyrst og fremst
 tekst og foto av dei lokale kvernen, men også generelt om kverner og det miljø som omkransa desse. Boka er å finne i biblioteka 
KvernKvern    
Føreord Kvern inne
Bokmelding
                                                     (tilbake)
Bøker
Det hender at folk spør etter bøker og stoff til eit formål.  Oversikta nedanfor viser dei bøkene eg har laga og som i hovudsak inneheld lokalhistorie og kulturstoff frå heimbygda Norddal. Men sjølv om dette er mest lokalstoff, vil  bøkene også innehalde generelt stoff rundt dei ulike tema. Og fordi dette er frå ei mindre bygd på Sunnmøre, vil bygdelivet vere attkjennande, og slik kanskje vekke minne frå  eige miljø. To av bøkene: "Med og utan kortebukse" og "Dunavollskulen i Norddal" kan enno skaffast til ein rimeleg penge, dei andre er utselde, men er å finne i biblioteka
      Alle bøkene mine er ferdige, dvs. avslutta. Bortsett frå ei -  boka mi med lokalord og uttrykk, som inneheld tekst som ein liksom aldri blir ferdig med. Innimellom dukkar opp ord som var brukt, og ikkje nedskrivne, og desse saman med finpussing og opprettingar gjer at slikt arbeid blir evig.  Etter litt fundering har eg valt å legge ut heile boka Hæ du haurt dæ før, slik at du sjølv kan slå opp ord og anna slik som eg har skrive det ned (Sjå under kapittelet Dialektordbok).   Slikt arbeid er ikkje lett  å få heilt korrekt, - men det er i alle fall nedskrive.                                        
 
Bøker

Stadnamnbok
Stadnamn

                                                                                                                                          (Tillbake)