![]() |
Veg vidare: Innset Seterboka Norddal prestegard Div. foto Verdensarv Kontakt Skiminner Norddal idr.lag Lekkjer Dyrdalen Dialektordbok Øydegard Kverner Bøker Kultur/historie/skule Volda |
BØKER MED LITT KULTURHISTORIE Under ser du to av dei bøkene eg har produsert. Til venstre ei bok på 240 sider med mange bilde som fortel om oppvekst under krigen og i etterkrigsåra i Norddal, ei mindre Sunnmørsbygd. Boka er frå 2016, og nokre eksemplar er enno til sals for ein billeg penge (sjå om adresse under Kontakt). Boka om Dunavollskulen er ny, ho vart ferdig i september 2022. Det er informasjon om skulen som no er sett opp att i Borgundgavlen av Sunnmøre museum. Litt om historia til skulen og bygda han kom ifrå. Men viktigast er presentasjonen av elevane, bilde tatt og samla av læraren som var på skulen i 43 år. Boka er i hefteform med limfresa rygg på 64 sider, trykt på godt papir på begge sider. Boka inneheld ca. 80 bilde, og formidlar kultur og skulehistorie frå ei tid som snart er borte for notida (litt meir her) Skuleboka er til sals hos Storås handel i Norddal, og kan også sendast frå meg. (kr 210,- porto betalt)
|
![]() |
||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||
|
![]() |
|
Sjølv i litt gråvêr er Voldabygda med Rotevatnet og Rotsethorn ei
perle ved fjorden. Dette er noko av den fine naturen og
det flotte turterrenget Volda har, vinter og sommar. Senteret i Volda ligg i og utanfor høgre bildekant. Det er for tida stor aktivitet i kommunen, med utvikling av fleire kjøpesenter, idrettsbygg, skulebygg og bustadbygningar. Etter samanslåing med Hornindal kommune og folketalsauke elles er Volda om lag lik Ørsta i folketal |
Dialektordbok
I 2012 gav eg ut ei dialektordbok med om
lag 4200 ord, som i hovudsak kjem frå bygda Norddal, men som også er brukt
i andre bygder, spesielt på indre Sunnmøre. Tanken var å avslutte
ordbokprosjektet, men det dukka stadig opp ord og
uttrykk i samtalar og
elles. Og mange av desse vart noterte, slik at eg no har integrert mange av
desse orda i 2012-utgåva,
saman med korrigeringar. Til kvart ord ei setning
på eit tilnærma dialektspråk, som viser ordet i praktisk bruk. Det kan ofte
forklare eit ord betre. Det har då blitt ei ny 2022-utgåve av dialektordboka,
førebels ligg dette i ro, men dersom det dukkar opp
interesse for
boka, kan
ho kanskje trykkast opp att
![]() |
![]() |
Dialektord i praktisk bruk. Ord frå "Hæ du haurt...." i bruk på gradstokken, prod. i Ørsta |
![]() |
Denne hyggelege meldinga fekk eg i 2012. Truleg vart det lagt mest vekt på diaalektordboka mi. Men også andre prosjekt er nemnt i målprisen. Eg har hatt interesse for, og glede i å arbeide med kultur-og lokalhistorie frå heimbygda. Spesielt vart dette meir mogleg når eit travelt arbeidsliv var over. Og språket og dialekten vår er viktig å halde i hevd. Grunnlaget for alt eg har skrive i arbeidslivet i skulen, i utdanningsinstitusjonar og i livet generelt var å bruke det gode og lovbestemte skriftmålet nynorsk. Det målet kan brukast til alt, også i jussen. Og dialekten vår, ord og dativ m.m., står på sviktande grunn. Alle dialektar er utsett for eit hardt mediapress, og folkeflyttinga fører også til ei utvasking av dialekt og tradisjonsspråk. Målprisen eg fekk set eg stor pris på |
(tilbake) |
ØYDEGARDEN BOTNEN
Halvveges på veg til Herdalssætra i Norddal
passerer vi eit ope dyrkaområde i elles urøyvd natur. Knappe 5 km frå
Storfjorden ser vi på andre sida av elva eit spennande og mystisk gammalt hus. I
mektig natur med høge fjell på alle kantar ligg den eldgamle øydegarden Botnen.
Naturbildet blir forsterka av to frittfallande høge fossar tett ved i elvar med
dei målande namna Knøstelva og Smørelva. Den 3. fossen, Dampfossen, buldrar i
elva Herdøla litt lenger framme i den trange dalen. Det er lett for turistar og
andre som fer forbi å feste augo på dette, og bli litt forundra over det som må
vere ein gammal buplass
Historie
Botnagarden er ein gammal gard, husmannsplass, som høyrde til garden
Engeset, som er ein middelaldergard. I 1694 vart Engeset prestegard. Tidlegare
måtte all utmark nyttast til slått, beite og vedhogst for å overleve. Difor vart
Botnen nytta av hovudgarden, og busett av plassefolk og paktarar. I 1896 vart
Botnen kjøpt på auksjon for 902 kroner av Karl Elias Nygaard, og vart sjølveige bruk
(nr. 3)
under Engeseth gard. Botnen ligg 300 moh, er litt solmørk, men her vart det
dyrka det som trongst på ein gard. Garden var då komplett med fleire bygningar
som stovehus, løe, kvernhus og smie. Berre hovuddelen av bustadhuset står no
att. Det var likevel strevsamt å bu her, og i 1906 flytte Karl Elias og kona
Malene (Ytterdal) med sin 7 born, saman med kårfolket,
frå garden. Sidan har Botnen hatt fleire eigarar og vore driven som gardsdrift
frå bygda. Men i mange tiår har garden vore det ein kalle ein øydegard
Øydegarden Botnen ligg enno open i det skogkledde landskapet, knappe 5 km frå
fjorden. Herdalsvegen går like forbi, og frå den ser vi lett
Botna-huset på den
opne bøen
Botnahuset frå ca. 1800 som enno er så pass at det er bevaringsverdig. Planar til restaurering ligg føre, får ein pengar til det, kan dette bli ein framifrå arena for formidling av levemåte, næringsdrift og kultur. Lett nåeleg innanfor Verdsarvområdet i eit urøyvd og ekte kulturlandskap
Bevaring
I 2019 låg det føre ein god tilstands-og
istandsettingsrapport. Som seier det er i siste liten med bevaring, men
likevel fullt mogleg å få til. Fylkeskonservatoren i MR har uttalt at det
vil ha stor verdi å bevare og setje i stand stovehuset i Botnen, som vil gi
ei rik formidling av bygningsarven og den tradisjonelle bruken av landskapet frå fjorden til setrane øvst i dalen.
Kort grunngjeving for
bevaring:
* Dette er eit utmarskbruk som
kan
fortelje komande generasjonar om måtar å overleve på i tidlegare tider, om
flinke og evnerike folk
* Dette er kanskje det einaste eksempelet på ein utmarksgard
innanfor Verdsarvområdet (Geirangerfjordområdet av Vestnorsk fjordlandskap)
* Dette er ein del av eit nesten urøyvd og ekte natur- og
kulturlandskap som saman med Herdalen er ein av dei mest særprega
seterdalane i fylket
* Botnen kan bli ein framifrå
formidlingsstad til grupper av publikum og skulelevar, og til dei som
ikkje så lett kan nå andre fjord- og fjellgardar
* Dersom
stovehus blir sett i stand og marka ikring stelt, vil dette gi eit godt bilde av
den tradisjonelle bruken av denne type landskap
* Botnen er lokal- og kulturhistorie, ein kulturarv det er
vel verdt å ta vare på
SLUTTORD: Teksten ovanfor vart skriven
i 2020. Til i dag (oktober 2022) har det ikkje skjedd noko med Botnen. Søknad
om tilskot til
bevaringa vart innsendt, men saka er framleis uløyst. Og
Botnatunet går etter som åra går tilbake til naturen
(tilbake)
(tilbake) Bøker Det hender at folk spør etter bøker og stoff til eit formål. Følgjande oversikt viser dei bøkene eg har laga og som i hovudsak inneheld lokalhistorie og kulturstoff frå heimbygda Norddal. Men sjølv om dette er mest lokalstoff, vil bøkene også innehalde generelt stoff rundt dei ulike tema. Og fordi dette er frå ei mindre bygd på Sunnmøre, vil bygdelivet vere attkjennande, og slik kanskje vekke minne frå frå eige miljø. To av bøkene: "Med og utan kortebukse" og "Dunavollskulen i Norddal" kan enno skaffast til ein rimeleg penge, dei andre er utselde, men er å finne i biblioteka |
![]() |
(Tillbake)