INNSET i
Norddal på Sunnmøre
![]() ![]() ![]() ![]() GEOGRAFI NYTIDA GAMLETIDA Innset er namnet som blir brukt på grenda som ligg 2,5 km frå sjøen i Norddal, og som er siste dyrkinga av bygda før utmarka tar til. Innsetområdet er gammalt, og var det første turre området etter bresmeltinga og landhevinga fram mot 10000 år tilbake. Kva tid her vart busetting veit ein ikkje, men garden Engeset som vart til på den store flate botnemorena etter at sjøen sakk, blir rekna tilbake til middelalderen, og kanskje enda lenger enn det. Det kan godt tenkjast at her var den eldste busettinga i bygda på ein eller annan måte. Gjennom historia har garden hatt mange namn: Engjasetr, Engesetter, Engesæt, Engset osb. , men Engeset er blitt til Innset som no blir brukt både muntleg og stort sett skriftleg. Bygdenamnet Norddal på Sunnmøre omfattar bygda nede ved Norddalsfjorden, bebyggelsen på Hallstadfjellet, og heile utmarka og fjelldalane Herdalen og Dyrdalen. Norddal er eit stort område eit par mil inn i landet. Sidan Innset er heimegrenda mi, og Engeset gard vart Norddal prestegard i 1694, er det kjekt å kunne fortelje noko om dette flotte området av landet på heimesida mi. Ikkje fordi det er så svært spesielt, men dette er ein flekk i det store fjell-og fjordlandskapet som har sin karakter, sin natur og si historie. Og at hovudsetet for prestegjeldet i dei indre sunnmørsfjordane heldt til her på Innset i fleire hundre år er viktig historie. Prestefolket frå andre landsdeler og med andre kulturar, budde i 305 år midt i Innsetgrenda, og skapte liv og endring i kontakta med lokalfolket her. (Dette er ei heimeside som eg vil fylle på og endre med tid og stunder, det kan vere mykje å fortelje om herifrå......)
|
![]() |
Dette er Innsetgrenda fotografert i 2020, med Norddal prestegard midt på den store moreneflata etter issmeltinga . Flata er vidare enn bildet gir inntrykk av. Tre gardsbruk som vart utskilde frå Engesetgarden like før 1900, ligg i dalen under. Tre bruk til vart frådelt frå prestegarden noko seinare, desse bruka ligg bakanfor prestegardstunet. Som vi skjønar var den gamle Engeset-/prestegarden opprinneleg ein relativ stor gard i dette landskapet. Innset er altså området mellom dei to elvane Herdøla og Dyrdøla, og som var den historiske Engeset gard. For 10000 år sidan gjekk sjøen hit, og issmeltinga skapte den store terasseflata prestegarden ligg på, med marebakkar under. Trøbakkane kunne vere isfritt og buande for folk ved sjøkanten her lenge før landhevinga. Så hyttefolket i Trøbakkane bur kanskje der det ein gong for mange tusen år sidan budde folk. Også sjølve flata der prestetunet ligg, kunne vere boande langt lenge før bygda under. Landet heva seg sakte i takt med issmeltinga, og det tok fleire tusen år før sjøen var som no. Det er lett å fundere på om prestegardsflata har hatt opphald av folk, og at det som kan kallast busetting eksisterte her kanskje tusener av år før resten av bygda. Det er gjort få funn som beviser ein slik teori, men naturen her støttar godt den tanken. Var det nomadejegerane etter reinen som oppheldt seg her ein gong? Eller var det kystfolka som kom hit på båtane sine? Vi har få svar, men spennande tankar. Bildet seier ikkje alt om landskapet, naturen har høgdeforskjellar og bratter. Innset er omgitt av kraftige, men sjarmerande og høge fjell, fossar og skogkledde lier. Mot vest er god utsikt til fjord og opnare landskap. Den store moreneflata vi ser er resultatet av issmeltinga i to fjelldalar, Herdalen og Dyrdalen, og fjellområda ikring. Smeltevatnet la att mineralrikt materiale frå fjell og natur, og jorda her er næringsrik og voksterviljug. Det vitnar m.a. den frodige skogveksten om, som har auka ekstra sterkt etter at gardsdrifta vart lagt ned. Men det må nemnast i alle fall eitt negativ for Innsetgrenda, Dei høge fjella i bakkant på bildet ovanfor ligg rett sør, det fører til at soltimane for Innset er mindre enn mange andre stader, og sola er borte lange stunder av året. Folketalet på Innset har endra seg mykje sidan 1900, då var 58 personar registrerte her. Under krigen budde her truleg 40-50, i dag er berre 10-12 fast busette på Innset. Men med fleire hytter i området er her tider av året meir folkesamt Meir om Norddal prestegard |
![]() |
![]() |
|
Dette bildet
viser Innset tidleg i 1950-åra. Alle gardsbruka er enno i full drift og
busette med folk og dyr etter krigsåra, då gardane var ekstra livsviktige både
for folket her og elles. Vi får ei god oversikt over den gamle marine
grensa, og det landet som vart isfritt tusener av år før resten av
bygda. Skogen er halden på god avstand kring tun og marker. Av trea er det mange
frukttre, både epler, plommer og pærer var god frukt her. Ikkje minst
voks jordbæra godt. I mange tiår vart ein god del av jorda i
bygda brukt til jordbær. Og Norddal var lenge (1920-1970) den
viktigaste jordbærbygda i kommunen. Etter at prest Øygard la ned drifta
rundt 1955, vart innmarksjorda på prestegarden pakta vekk til naboar av garden |
Innset fotografert nokre år
seinare, dette er i slutten av 1950-åra. Vi legg merke til at det er
slåttetid. Det er hesjer på slåttemarka, og jordbæråkrar og
potetåkrar andre stader. Nye og gamle vegar i Holebrauta syner godt. Og
ikkje minst ser vi den skarpe reina kring heile hovudbruket, med
nyslegne marebakkar under. Heile den flate
prestegardsjorda ligg på ei kjempestor terasse av sand og stein skapt av
innlandsisen og smeltinga. Ved å samanlikne alle tre bilda på sida her, ser vi noko av problemet med sviktande drift og nedlagde gardsbruk, skog og tre veks godt og trenger seg inn over gardsområda. Hus og jord under fjellsida på andre sida tilhøyrer det som var den gamle garden Dale. |
Gamletida Foto fortel nesten meir om historia enn tekst. Tilbake i tida finst det få gode nok foto som kan hjelpe oss med korleis folket, gardshusa og landskapet såg ut i gamletida. Og til lenger tilbake vi går til verre blir det sjølvsagt, og på landsbygda aller mest. Det hende at omreisande fotografar tok bilde då, som er gull verdt no. Ein slik var fotograf Jakob A. Kirkhorn som bodde på Molde. Han tok eit bilde av heile bygda i 1882 el.1883, på den tids "film" som var glasplate. Fotografstaden var om lag på Murteberget ved fjorden ein stad, slik at heile bygda kom med. Kvaliteten på bildet er så imponerande at ein i dag kan ta gode utsnitt av ulike miljø i bygda. Heilt til Innset rakk fotoet. Dit er det nesten 3 km, og då blir detaljane sjølvsagt mindre gode i eit utsnitt av Kirkhornbildet. Meir proffe datafolk vil truleg kunne få til eit enno betre resultat enn det vi maktar. Men likevel er kvaliteten på det 140 år gamle bildet etter mi behandling på PC-en såpass, at det går ann ved rolege studiar å få eit glimt av deler av Innset |
![]() |
Midt i bildet dei tre småbruka som i 1882 var husmannsplassar/leigebruk av hovudbruket Engeset gard/Norddal prestegard. I 1898 vart desse tre bruka fråskilde prestegarden og selde til sjølvstendige bruk, noko som var eit direkte resultat av reduksjonslova av 1882. Embetsgardane skulle reduserast til ein naturleg storleik. På grunn av allmenn vekst i folketalet var det aukande behov for livberginga. Difor var det kjærkome å få jord å leve av. Den sentrale og beste delen av den opphavlege Engesetgarden låg att oppe på terasseflata. Denne grenda under marebakken var også kalla Engesetdalen, lengst oppe Kvernhusdalen. Klokkardalen som var bustad for klokkarane i kommunen frå 1839, vart kjøpt av kommunen og brukt til klokkarbustad (meir seinare). Gunnadalen er bruket som var lengst kome i 1882, det vart kjøpt i 1898 av Gunder Severin Engeseth, som var fødd og oppvaksen på garden, og ført vidare av sonen Arne G., som tok namnet Dahl i samband med arbeid i Amerika. Holane er lokalnamnet på det øverste gardsbruket av dei tre. Men den tid (1880) heitte staden Kvernhusdalen då prestegarden hadde kvernhuset sitt ved Dyrdøla. I 1898 kjøpte Arne O. Yttredal frå Paulgarden i Ytterdal bruket, og tok då namnet Nydal. (Litt omtale av Innsetfolket seinare). Bruket som ligg nærast, Dunavollen, er ein Rellingsgard. og er i 1882 eit nytt bruk etter utskiftingane i bygda (1880) og flytting frå klyngetunet nederst på Rellingen. Husa på Dunavollen er nyreiste her. Det er snøgt å merke seg at jorda i Engesetdalen var mindre oppdyrka i fotoåret 1882. Jordbotnen, som var gammal havbotn, var skogkledd, uryddig og steinete. Samanliknar vi med bilda ovanfor får vi eit klart inntrykk av kor hardt, slitsamt og langvarig "brytinga av jorda" har vore her, for å kunne brødfø store barneflokkar opp gjennom åra. Alt med handemakt; hakke, spade og steinbukk var hjelpemidla til å rydde vekk stein og røter for å få den gode havbotnjorda til å gi dei mat og føde. Husa og bygningane på bruka var slik som i bygda elles i 1880. Det var dei gamle lave røykstovene med få rom og torvtak. Og løebygningane var tilpassa dei relativt små busetningane, med rom for høy og anna som høyrde til på ein gard. Utan å gå i detalj er det lett å forstå at det kunne vere eit slitsamt og temmeleg barskt liv for å kunne brødfø dei mange som hadde opphald her. Jorda gav det mest nødvendige av mat for å overleve, men som vanleg var måtte dei skaffe seg ekstraarbeid og inntekter elles for å kunne ha eit leveleg liv. Men sjølv med dei sparsomme vilkåra som vert skildra her, gav dei som hadde - og har - levt her gitt uttrykk for at Innset i det heile, var ei naturperle. Med prest og prestefolk i sentrum på godt og vondt, med ein rik utmarksnatur med seter og ressursar som gav dei halvparten av livsmidlane, var livet her både kulturelt og materielt godt leveleg, og det var sosialt og fullt av hendingar. |