KULTUR -
HISTORIE STADNAMN STORFJORDLITTERATUR GAMLE NORDDAL JEKTEKØYLA DUNAVOLLSKULEN |
ORDFØRARDYNASTIET I NORDDAL Ordførardynastiet er eit omgrep som vart nytta på ein lang periode av Norddal kommune si historie. Frå 1837 til 1920 var far Arne, son Elias og soneson Nils ordførarar i 76 år, stort sett i ei samanhengande rekke, 8+32+36 år. Det vart også brukt omgrepet Ordførarhuset Grønningsæter. Og seinare kom ein annan Grønningsæter inn i ordførarrekka, det var Gerhard som også var i slekta. Nils Eliasson Grønningsæter (1845-1933) er nok den fremste representanten for "ordførardynastiet" i Norddalsbygda. "Nils på dampa" kalla dei han i Norddal, for så mykje reiste han med dampbåten inn og ut fjorden, at "på dampa" var tryggaste staden å treffe på han. Full av historier var han, og glad i å fortelje, så det sat alltid mykje folk rundt han. I ein artikkel gir Gudmund Relling eit innsyn i heile ordførarslekta Grønningsæter som gjorde seg gjeldande både i fylket, i kommunen og på Stortinget. Sjå meir: https://www.storfjord1.no/artiklar/fjordfolket/personar/ordforardynastiet-i-norddal
![]() |
||||
Litteratur frå Storfjorden og landet ikring Mykje litteratur; Bøker, romanar, artiklar m.m. i ei samla oversikt finn ein i heimesida til foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden. Under finn du adressa til denne sida: https://www.storfjord1.no/artiklar/storfjorden1/generelt/litteratur-knytt-til-folket-og-bygdene-langs-storfjorden/ |
I 1883 såg sjølina
til Norddal slik ut. Fotograf Jakob A. Kirkhorn tok eit bilde på glasplate av
heile bygda. Det var eit svært godt bilde som det kan takast utsnitt av, og som
i detalj syner gode opplysningar om landskapet. Over elva er det som heiter Dalebø (del
av Dale gard) og på denne sideav elva nedste del av Relling gard.
Lengst borte står
Norddal kyrkje som vart bygt i 1782 der den gamle stavkyrkja stod. Norddal kyrkje er den
eldste trekyrkja på Sunnmøre, og er hovudkyrkja i prestegjeldet. Ho er 8-kanta
og var modell for fleire kyrkjer. På kyrkjegarden ser vi Kyrkjebjørka, som var ei svært
stor og gammal bjørk som vart felt i 1956, ein kubbe av ho finst på Sunnmøre museum.
I husklynga på
Dalebø ser vi
tiendestabburet der tienda til kyrkje og prest vart levert og oppbevart, det er huset nærast
mot oss i
klynga. Engeset gard (2,5 km fram
frå sjøen) vart prestegard i 1694,og ein trur at tiendestabburet vart bygt rundt 1700.
Norddal prestegjeld omfatar bygdene i eks Norddal kommune, og i 1673-1861 også
Sunnylven/Geiranger. Det mørke huset i husklynga er det gamle skulehuset
(seinare Kommunehuset) som vart reist av bygdefolket i 1844, og som truleg var
det første
faste skulebygget på Sunnmøre. Husklynga inneheld også to landhandlarar. I eitt
av dei andre husa budde jordmora Margrete Dalebøe som var den første jordmora i
distriktet. Jordmor-Margret fekk utdanninga si i Danmark, saman med ei
jente frå Stranda. Ein strandar køyrde dei to til Oslo med hest. I huset hennar fanst ei glasrute
frå stavkyrkja (før 1782) som no er på Bergen Museum. Huset til Margrete vart
rive ettter ho døydde i 1879, og vart sett opp lenger framme, der også
barnebarnet Berte Kylling budde. Framfor Ole-buda l (til høgre for kommunehuset)
låg ei
diger troppehelle som vart kalla Tinghella. Og historia fortel at dette var
hella frå Tinghaugen den gongen Dale var tingstad og senter for skipreidet.
Hella var tingbord eller "talarstol" på tinget.
Det lange kvite huset til
høgre vart først bygt av presten Ludolph Krohn i 1780-åra, men seinare påbygt.
Her var postkontoret i Norddal frå 1859 til 1961, og telefonsentral frå 1906 til
1967. Dette er Iverhuset på Ivergarden. Til høgre for Iverhuset ser vi Melchiorgarden
med eldre
hus. Her kom seinare nye hus, dei brann ned i 1936.
Naustrekka nede til høgre
tilhøyrer Rellingsgardane. Like til venstre for nausta ser vi ytste del av
Jektekøyla, med restane av eit stativ til støtte for jekter som skulle
vedlikehaldast eller ha andre gjeremål. Jektekøyla var ei brei sjøstripe som
gjekk inn i landet, men som vart attfylt.
Sjølina til Norddal har to fine naustrekker, ei på kvar side av elva, desse er i dag
vedlikehaldne og i bruk nesten som før. I 1883 var her ikkje dampskipskai, denne vart
bygt i 1902 på Dalebøsida av elva.
Jektekøylå
i Norddal På fotoet ovanfor ser vi det som er att av Jektekøyla i 1883, til venstre for Rellingsnausta. Vi ser inngangen og attståande berebukkar som vart brukte ved vedlikehald og nybygg f.eks. Vi kan ikkje over/bak nausta sjå noko av køyla, ein trur at køyla gjekk eit godt stykke fram over land, så her kan nok attfyllinga ha teke til. Ei køyle er ein kanal, renne eller smalt sund som er fylt med vatn, og som går inn i landet. Det blir diskutert om denne køyla kunne vere at Hallstadelva gjekk her, og saman med utforminga av landet laga køyla. Men truleg var ikkje køyla så svært stor, og at det var floa som fylte ho slik at jektene då kunne gå fram i, og sikrast når floa gjekk tilbake. Men storleiken på køyla veit ein ikkje sikkert, berre at her var ei køyle som vart mykje brukt. Jekter var eit handels-og fraktefartøy som gjekk langs kysten. Og som hadde sitt utspring heilt tilbake til vikingetida og vikingeskipa. Dei vart utvikla i fleire former gjennom århundra, på 1500-talet var det mykje jektefart på kysten, og i 1600-1700 åra var det mange jekter som frakta alle slags varer på kysten, spesielt til og frå byar som Bergen og Trondheim. Alle bygdene i vårt omland hadde jekter eller samarbeid i jektefarta. Landsdelane hadde sine typer, og sunnmørsjekta var ei type. Storleiken varierte, men jekta kunne vere 16-17 m lang og 6 m brei., og med 8-10 mann om bord. På heimesida til Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden (sjå over) kan ein finne meir stoff om jektetida. I 1852 vart det bygt ei jekt i jektekøyla på Relling. Jon Dale som har laga mykje kulturstoff frå bygda, laga ein gong ei teikning med tekst om dette miljøet. Teikninga er utført på frihand, og er ikkje heilt dimensjonert etter det ekte. Men mange ting er attkjennande og gir oss eit fint innblikk i ei anna tid og eit anna bygdemiljø. For berre 150-200 år sidan var det eit heilt anna liv på fjorden og ved sjøkanten i fjordbygda. Teikning og tekst er utklipp frå Sunnmørsposten |
![]() |
Dunavollskulen
Her er nokre tilfeldige sider frå boka som eksempel på innhaldet. Men som sagt før, elevbilda er hovudinnhaldet (Tilbake) |