Litt om VOLDA
HISTORIKK ØKONOMISKULEN GL. GYMNASET VG. SKULE KYRKJA VEG VIDARE |
![]() |
|
Tettstaden Volda i Volda kommune ligg som ei perle ved Voldafjorden, der
ferjer går til andre sida. Rotevatnet ligg fint til i landskapet, og Rotsethornet til venstre er sjølve landemerket i naturen. Folketalet i sentrum med nye byggefelt framover i Vikebygda kan truleg vere opp mot 7000. I dette synsfeltet ligg sjukehus, høgskule, litt industri og ein variasjon av handelsbedrifter. Hitover mot oss frå Rotevatnet i Vassbotn ligg ei fin golfbane |
|
![]() ![]() |
|
Foto av sentrum som ligg like ned til fjorden i 2016. Den eldste delen av sentrumsbebyggelsen har fått mange fleire tilskot med åra. Inne i denne husflokken finn vi rådhuset, kyrkja, deler av høgskulen, den vidaregåande skulen, andre skular m.m. Utanfor bildekanten til venstre ligg sjukehuset, hovudelane av høgskulen, ny idrettshall m.m. | Slik såg sentrum av Volda ut i 1929. Mindre med hus sjølvsagt, og jordbruksland i og like ved. Den gamle trekyrkja brann ned i 1929. I høgre kant bak eit tre finn vi gamlegymnaset, som vart bygt i 1851 i ein etasje, påbygt i 1910, og i bruk heilt fram til 1966. I fjøra langt borte Garvarbuda, som i dag er museum |
Historikk |
Med skulen som arbeidsplass i Volda Litt om handelsskule, økonomiutdanning og vidaregåande skule i skulebyen |
![]() |
![]() |
Litt kort historie om dette bygget, før i tida eit velkjent bygg i Volda sentrum. Vi ser skulen i 1970-åra som vart bygt av Lars Løvold som den 1. handels-skulen på landsbygda i Noreg i 1933. Bygget var først mindre, seinare utvida til høgre, med eit tilbygg bak rundt 1960. Kommunen leigde i mange år kontor i kjellaren, og lensmannen hadde 2 arrestar her til langt ut i 70-åra. På toppen leilegheit for lærarar og andre, seinare lærarrom. Då vi fekk nybygg vart denne sentraltståande skulen riven i 1997. I 53 år var bygget arbeidsplassen for tusenvis av elevar, og lærarar og gode kollegaer. Det var min arbeidsplass i 22 år (1964-1986). Litt meir om økonomiutdanninga i Volda ein annan stad. Teksten trykt på bildet over er litt tilfeldig, bildet vart brukt under eit 50års-jubileum | Eit jubelbilde i 1984, fotografert av Lasse Kornberg. Denne dagen hadde vi fått melding om at fylket ville bygge ny skule for oss, som no var 3-årig vidaregåande skule for handel og kontor. Denne dagen, dette året, hadde skulen 240 elevar og rundt 30 tilsette, og var meir enn stappfull. Svært mange elevar har vore her, på handelsskule, eller 2-årig handelsgymas, 3-årig økonomisk gymnas, kveldskurs og 1 el. 2 el. 3 år på vidaregåande skule. med hovudvekt på handel, økonomi og administrasjon. Og på liner som gav allmenn studiekompetanse. Ein trang, stadig påbygt og endra skule, men likevel svært triveleg og med godt miljø. Her vart skapt historie, store og små, og eit fritt og bra skulemiljø |
---|
![]() |
Ei helsing til tilsettejengen på Volda vidaregåande skule HK, i nybygget vi flytta til på Engeset i Volda i 1986. Her var vi sjølstendig skule fram til samanslåinga med AF-skulen i 1994. Bildet fortel at vi feirar noko sidan vi er så pyntekledde. Det kan vere avslutning til jul, sommar eller for nokon som har dag eller skal slutte. Litt usikker på kva høve dette var, men humøret er som vanleg triveleg og godt. Kanskje etter replikken frå Terje eller ein annan. Dette var gode kollegaer, med gode kvalifikasjonar både teoretisk og praktisk, som gav undervisning i økonomi, handel, rekneskap og administrasjon, men og i språk og andre allmennfag i den 3-årige vidaregåande skulen. I øk. fagkrinsar som diverre kom bort, og som det i dag er eit stort behov for, ser vi. Den minste tilsettegruppa var dei som held skulehuset i orden på kontoret og med reinhald og vakmeistertenester. Ein triveleg og sosial jeng er det vi ser |
GAMLEGYMNASET
![]() |
![]() |
I dette bygget på Engeset i Volda
starta det fyrste 3-årige gymnaset på landsbygda i Noreg. Det var eit privat
gymnas, og det var Johan F. Voss og Olav Riste som sto for den bragden. Dei
hadde kjøpt skulebygget, som då hadde ei eldre historie. 1. etasje vart sett opp
i 1861 som hus for kapteinane i landforsvaret, og namnet på bygget var den tid
Kapteingarden. 30 år seinare kjøpte Aage Stabell huset og starta ein
Millomskule. Som vart driven til Voss og Riste overtok og bygde 2. etasje i 1910
og starta gymnaset, og dreiv mellomskulen vidare. Som Volda private millomskule
og gymnasium, og som seinare vart Volda off. lands-gymnas. Hit kom mange elevar
nesten frå heile landet, og vart eit ettertrakta og kjent gymnas, heilt fram til
1966. Då hadde det nye gymnasbygget blitt bygt i 1963, og gamlegymnaset vart då
berre nytta som tillegg eit par år.
Gamlegymnaset sto ledig og
nesten tomt i 50 år, og til forfall. Berre brukt til orkesterøvingar og kurs i
maling osb. Men ivrige vener av bygget søkte tilskot, og arbeidde iherdig med ei
bevaring. Slik at i dag står huset fint opp-pussa med nytt tak og ytre
vedlikehald som måling og vedlikahald av vindauga. Ei lengre historie om dette
verdifulle huset høver ikkje her, men kan finnast på nettet, som eks.:
http://gamlegymnaset.no/
VIDAREGÅANDE
SKULE
![]() |
Fin oversikt over det flotte området til Volda
vidaregåande skule, som ligg på Engeset i lia like ovanfor Volda
sentrum. Skulen er fylkeskommunal, og tomtelandet er også
fylkesområde. Huset nærast er bygget til Volda vidaregåande skule HK,
som flytte hit i 1986 frå gamleskulen, og det var 8 år før skulesamanslåinga.
Neste bygg med svart tak er Voldahallen, dvs. kommunalt idrettsbygg bygt
i 19... No nedlagt som vanleg idrettshall og leigd ut til
Sunnmøres største Padel-hall (ny idrettsform). Flata ovanfor er
Steinrøysa stadion. Tidlegare idrettsplass, fotballbane og festplass.
Namn etter kvalitet på tidlegare grunn. No i hovudsak parkeringsplass.
Det vesle huset til høgre for hallen var i 1963 vaktmeisterbustad, dvs.
bustadhus til utleige for tilsette ved gymnaset. Dei seinare åra nytta
til undervisning, lager etc. Bygget opp for Steinrøysa er
Gamlegymnastikken, som var ferdig i 1922 som gymnastikksal for gymnaset,
i 2. etasje var der musikkrom. I dag er det frimurarlogen i Volda som
eig og har pussa opp bygget. Den store bygg-samlinga øvst i bildet er skulebygga
som vart teke i bruk i 1963 av Volda gymnas. Kort opprekna finn vi i
langfløya klasseromma, midtfløya på tvers inneheld spesialrom, festsal,
og no ominnreia til arbeidsrom for læarane m.m. Den lave fløya til høgre
er administrasjonsrom, bibliotek, lærarrom m.m. Dette er ei svært solid
og stor bygningsmasse, som dei siste åra er opprusta og ominnreidd m.m. for
store summar. Det siste bygget oppe til høgre i bildet er symjehallen til
høgskulen, som vart nedlagd for nokre år sidan og no skal rivast. Fram til 1994 var dei to vidaregåande skulane: Volda vg. skule AF og Volda vg.skule HK, sjølvstendige, men samarbeidande. I 1994 vart dei slått saman til Volda vidaregåande skule, og alle bygga på bildet minus Gamlegymnastikken og Voldahallen er brukte av skulen. Kroppsøvinga foregår i den ny idrettshallen Volda Campus... Det er nye fag, nye liner og nye læreplanar i den fylkeskommunale skulen i dag. Elevtalet er godt over 500 i dag, og er ein relativ stor og god vidaregåande skule. Nemner kort at bygga her var min arbeidsplass, som lærar og rektor, etter rivinga av den gamle handelsskulen, fram til pensjonsalder (1986-1998). Sjå meir om skulen i dag: https://volda.vgs.no/ For oss som i 40 år arbeidde med økonomiutdanninga frå 50-talet, var det med stor skuffelse at økonomifaga meir og meir forsvant ut av fagkrinsane i den vidaregåande skulen. Då HK-skulen vart "nedlagd" var det ein populær skule med god søknad, som hos oss årleg hadde over 200 gode elevar. Politikarar og byråkratar var flinke til å presse inn i skulen fleire og andre fag enn økonomifaga, slik at i dag er det berre dropar att av "våre" fag. Noko vi meiner er feil: Alle er i dag kanskje meir enn før omgitt av og involverte i økonomi, renter, prisar, reklame, kronetal, banktenester, kontrakter, privatøkonomi etc.etc. heile livet. Dette burde framleis ha vore ei grunnutdanning, som no elevane av og til berre får med innleigde politi- og bankfolk i nokre timars kurs. Økonomifag var før i tida fag i framhaldsskulen, realskulen og andre skular, det burde vere klart at det er mykje større behov for ei viss innsikt i økonomi i den nye tida. Og slik også få litt meir kontakt med det praktiske livet, skulen er altfor teoretisk i dag. |
![]() |
![]() |
Volda kyrkje frå 1932 har eit vakkert og særprega kyrkjerom. Då kyrkja er bygd i stein, kvelvingen og forma inne skaper det ein svært god klang for musikk og sang i kyrkja. Rommet er stort, 800 sitjeplassar har kyrkja, og er som sagt framifrå også til konsertar og liveopptak. Denne kvelden på bildet hadde musikklina ved Volda vg. skule sin tradisjonelle novemberkonsert. Her er det store koret i aksjon i ei stappfull kyrkje. Som var pynta av yngre skuleelevar. På bildet skimtar vi det flotte store freskobildet på endeveggen av Hugo Lous Mohr. Dette er eit bilde som lenge var Noregs største av sitt slag, og alle som er i kyrkja fester blikket på og beundrar dette bildet | Då den eldre trekyrkja brann ned i 1929, vart arbeidet med reising av ei ny kyrkje sett i gang nokså raskt. Og i 1932 stod denne prektige kyrkja klar til bruk. Materialet til kyrkja vart naturleg nok valt etter tidlegare erfaringar. Denne kyrkja er bygt av betong og sementstein, og teikna av Arnstein Arneberg, arkitekten som også teikna Oslo Rådhus. Kyrkja er vakker og eit monumentalt bygg i sentrum av Volda, ikkje langt frå sjølina. Voldingane er glade i kyrkja si, som er mykje i bruk |
MEIR OM VOLDA
I denne omgang tek eg ikkje med meir om Volda, det er
enno mange felt både innan arbeidsliv, kultur, friluftsliv, idrett m.m. som
burde ha vore nemnt. Den nye og større Volda kommune er rik på innhald. Men tid
og plassmangel set ei grense for skrivinga, som kanskje kan førast vidare med
tid og stunder. Og det er slik i dag, det aller meste er råd til å grave fram på
nettet, og då kan nokre nettadresser påførast sida mi etterkvart
Volda.kommune
Volda sjukehus
Lokalavisa Møre
Høgskulen i Volda
Volda vg. skule
Volda