Norddal prestegard |
|
6214 Norddal på
Sunnmøre |
|
Norddal prestegard ligg fritt og fint
på den store terasseflata skapt av bresmelstinga, 2,5 km frå sjøen |
|
|
LITT OM FOLKA SOM LEVDE HER Havet gjekk fram til Innset før landet heva seg etter issmeltinga for 10000 år sidan. Ein kan godt tenkje seg at her kunne den fyrste busetnaden i bygda ha vore. Mellom sjøen og iskanten slo kanskje nomadeveidarar etter villreinen i fjella seg ned. Eller kanskje var det jegerar og fiskarar frå den tettare befolka kyststripa som fyrst kom hit for nokre tusen år sidan? Det veit vi ikkje, men det er gjort steinalderfunn og vi har sikre kjelder på at denne garden er ein middelaldergard. Berre fantasien kan fortelje oss om det liv og røre som har funne stad her gjennom tusenåra. I dei siste 300 åra, når garden var prestegard, har folk kome til, levd sine liv, nokre har endt sine dagar her, andre har fare vidare.. Preste- og paktarfamiliane bodde her i ulik lengde. Svært mange av dei tidlegaste prestane hadde ei tenestetid på 15-20 år før dei reiste til nye kall. Mange bodde her 5-7 år, dette var gjerne mønsteret med dei seinare prestane. 8 prestar var her heilt til dei døydde Barneflokkane var ofte store før i tida , og difor er det eit stort antal menneske som har levd i dette tunet. 30-40 prestar og kapellanar har hatt kortare eller lengre opphald på garden. Saman med familie, tenestefolk og gjestar er det mange hundre menneske som har levd og arbeidd på prestegarden. I tunet bodde også paktarfamiliane, både prestane og paktarane hadde teneste- og arbeidsfolk. Og til prestegarden kom det gjerne gjestar. Det er rart å tenkje på den endring som har skjedd gjennom historia. Frå liv og røre i hus, på tun og på markene i hundrevis av år, ja kanskje i tusener av år, til i dag med ubebodde hus og nesten folketomme tun og marker. Ein har ikkje full oversikt over butilhøva til alle prestar og kapellanar då prestar var eigarar av andre gardar, m.a. Relling og Dale. Det er lett å forstå at prestegarden har sett sitt preg på omlandet i desse 300 åra. Hit kom folk med høg utdanning frå alle kantar av landet og frå andre miljø. Prestefamiliane deltok med varierande grad i det sosiale livet, men prestane var ofte føregangsmenn både kulturelt, i jordbruk og i bygde-utvikling. Mange av prestane skreiv mykje, både bøker og i blad. To av prestane vart biskopar, Nils Astrup i Nidaros og Jakob Christian Petersen i Stavanger. Det vil føre for langt her å omtale meir folka i prestegarden, men eg gir nokre eksempel :
Hans Strøm var kapellan i
Borgund. Kring 1756 tok han systematisk til å samle inn opplysningar
på fleire reiser på Sunnmøre. Dette samlararbeidet resulterte i
fleire bøker som i dag gir oss svært interessante opplysningar om
Sunnmøre - og også om Norddalsbygdene og Norddal prestegard med
omland. I 1756 skreiv han m.a.: |
|
![]() |
Norddal kyrkje er frå 1782 og
har fin plassering ved fjorden. Kyrkja står på same staden som
stavkyrkja frå 1620. Kyrkja er restaurert innvendig, har
mange gamle gjenstandar og er vel verdt eit besøk. Mellom kyrkja og den gamle prestegarden er det 2,5 km. I dag er det lett å fare i mellom med bil. Før var det beina, hesteskyss og seinare motorsykkel ein måtte ty til. Prestane slutta å bruke prestegarden i 1999 og bur no i Valldal. I 300 år høyrde kyrkje og gard saman. Sjølv om kommunikasjonane betra seg, vart garden likevel fråflytta. ![]() |
PAKTARHUSET. Ei
kommunal nemnd er oppretta for å kome med forslag til korleis dette bygget kan
brukast og kome folket i bygd og kommune best til nytte. Dette huset har
ei heilt spesiell historie, og status, og det er bra at ein endeleg kjem i
gang med arbeid for å finne ut korleis ein kan nytte denne kulturperla betre
enn som har vore tilfelle til no. I altfor mange år har huset, og tunet,
stått tomt og aude. Huset ligg fint plassert på desse gamle tuftene,
både med si flotte plassering i landskapet og på grunn av si lange og
spesielle historie.
![]() Paktarhuset sett frå vest med deler av tunet som blir brukt til utearrangement, t.d. på Midtsommardagane I desse gamle husa har mange trøtt golva og levt gode
og mindre gode dagar som andre. Prestefamiliane vart ofte store, dei kom
utanfrå frå andre miljø, og dei hadde ofte gjestar både frå inn- og
utland. Det er lett å forstå at folk i dette tunet sette sitt preg på
omlandet. Prestane var ofte foregangsmenn for distriktet både sosialt,
kulturelt, i jordbruket og i bygdeutvikling generelt. T.d. var
presten Otto Astrup ein av "potetprestane" og var svært
tidleg ute med potetdyrking, ja så tidleg at det blir stilt spørsmål
ved om dette kunne vere den aller fyrste potetdyrkinga i landet.
|
![]() Paktarhuset mot aust der Thaulow-delen stod til 1905
artikkel til Næss sin 70-årsdag:
|
NOKRE
FAKTA OM "PAKTARHUSET" (BORGSTUEN)
|