"LANGS SÆTERRÅSA
frå prestegard til blåbre"
er ei bok eg hadde ferdig i 2003. Boka inneheld i
hovudsak stoff om Innsetsætra i Norddal på Sunnmøre:
Boka er
seterhistorie og forteljing om miljø, kultur og
daglegliv mellom folket som var seterbrukarar, og som
levde og heile tida var
knytte til dette
landskapet. Innsetsætra var også setra til Norddal prestegard.
Engeset
gard vart prestegard i
1694. Garden er gammal, og ligg på det som var av den fyrste isfrie jorda i
bygda, då
dalen nedanfor låg under sjø. Difor er Innsetsætra også gammal.
Boka inneheld også mange foto og ca. 50 sider
med lokale ord og uttrykk. Under finn du berre eit par
sider som
eksempel.frå boka. Boka er utseld, men er å finne i biblioteka, og kan søkast på
nettet
![]() New Page 3 |