DIVERSE  FOTO  OG  ANNA  

Her vil eg etterkvart legge inn aktuelle bilete. Det kan vere lokal-/kulturhistorie
og elles bilete frå geografi og natur.  

Gammal gruppe  |  Gamle foto  |  Dyrdalsfossen  |  Skigutar  |  Diverse   |  Skulepersonale  |   Jonsokbrudlaup  
Fottur i 1943
  |  Noen 10-år siden  |  Saftpressing  |  Muldal  |  Matslalåm  |  Guttekor  Reitslått


Ei gruppe sundagskledde folk frå Dalesida i Norddal, Sunnmøre i 1892. Vi har namn og lokalnamn på alle desse. 
Fotograf: Ole M. Dale
































Dyrdalsfossen i Norddal er
ein flott foss som renn ope og
fritt heile året.  Fossen er å sjå om
lag 2,5 km frå fjorden. Han har jamn
vassføring då han har sitt utspring
frå isbreane i Dyrdalsfjella. I vår-
løysinga og i kraftig regnver kan
fossen vere dramatisk st
or og vill.

Foto:  Arne Nydal

 

Skigutar

Klubbrenn i Norddal idr.l. på  Lilleås ca. 1934
Frå venstre:  Ukjent, Emil Grønningsæter, Knut Dalhus, Nils J. Grønningsæter ?, Paul Relling, Arne Storås, Helge Relling, Inge Relling?,  Birger Grønningsæter, Reidar Grønningsæter, Oddmund Yttredal, Egil Relling, Steinar Dale, Ivar Dale?, Bjarne Relling, Georg Lilleås ?

GAMLE FOTO
Det har stor verdi å ta vare på gamle foto. Bileta fortel oss historie, kanskje meir enn med ord.  Det er fåre for at vi i  dagens flimmersamfunn kan bli litt historielause, og det er ein dårleg tanke. Vi treng røter, og med dagens livsstil har vi godt av opplysningar og lærdom om dei som var før oss. Livet "før i tida"  var ikkje alltid enkelt, det var oftast eit slitsamt liv der økonomien sette grenser for det daglege tilværet. Men det var likevel mykje moro, og folk hadde tid til eit sosialt liv. Dugnadstiltak  og hjelpsemd  var gode verdiar, og folk måtte lære seg til å klare seg best ein kunne med dei hjelpemiddel ein hadde. Fotoa kan vere eit viktig bidrag til å ta vare på historia.
         Gamle foto har ein tendens til å kome bort, i skuffer og i pappøskjer, og det verste: Kome bort for alltid. Difor bør vi ta eit tak med å ta fram bileta, helst få dei digitaliserte og kopierte slik at dei kan kome slekt og etterkomarar til gode. Det er svært viktig å få vite noko om bileta, få namn og tid nedskrive, og andre gode opplysningar om kvart foto. Dette arbeidet blir ofte for seint då informantane blir eldre og kjem bort etterkvart . Men om det virkar for seint, kan vi likevel heile tida redde bilete og opplysningar. Om bileta er små og av ringe kvalitet, så kan mykje i dag rettast opp med moderne hjelpemiddel.
         Ikkje berre familien vil ha interesse av gamle bilete. Kvart lokalsamfunn, og også storsamfunnet, vil ha nytte av dei. Difor burde flest mogleg gamle foto "publiserast"  i hefte eller bok,  eller kopierast til lokalbiblioteket eller på andre måtar gjerast tilgjengelege for folket. Mange er i gang med det, i bøker og i kommunale og fylkeskommunale arkiv m.m. Men meir burde vore gjort på lokalplanet.
         Under ser vi ein måte å gjere det på. Oskar Storheim som var lærar på Dunavollskulen i Norddal i 43 år, tok mange klassebilete med kassaapparatet sitt. Her har vi eitt av dei:

ELEVAR  PÅ  DUNAVOLLSKULEN I NORDDAL, SUNNMØRE (1934 eller 1935?)     

1    Aslaug Nystad (g. Øye)
2    Borgny Melchior (g. Relling)    
3    Ingrid Relling  (g. Fausa)                       
4    Petra Dalhus  (g Storås)                        
5    Julie Lunden  (g.Relling)                        
6    Kari Relling  (g. Klubbenes)                   
7    Hanna Hjelle  (g.Relling)                        
8    Nils J. Grønningsæter                            
9    Maria Relling (g.Kolås)                          
10  Borgny Lilleås  (g.Eide)                         
11  Aasmund Dahl                                      
12  Solveig Dahl  (g.Grandal)                      
13  Gyda Relling  (g.Volle)                          
14   ?                                                          
15   ??
16   Petter Dahl  
17   Georg Lilleås
18   Reidar Grønningsæter
19   Oddmund Yttredal 
20   Geirmund Hjelle 
21   Ivar Rødal    
22   Olav Dahl
23   Jon Dale 
24   Andreas Relling 
25   Bjarne Relling
26   Ottar Engeseth
27   Egil Relling
28   Knut Dalhus

        

Diverse frå natur og miljø (klikk for større bilete):

Naustrekke.jpg (629626 byte) Smaahus.jpg (472439 byte) Blaabaer lite.jpg (476299 byte) Haustkveld.jpg (294483 byte) lauv.jpg (817680 byte) Storvatn.jpg (476834 byte)
Naustrekke og  midtsommardagar i Norddal Lite fint gardshus på Vågåkanten Hausten er blåbærtid Hausten gir oss mørkare kveldar, 
men lyset kan vere dramatisk og fint
Så kom litt frost, noko som skapte fine motiv på bakken Lita hytte i mektig landskap. I Dyrdalen, Norddal,  med Torvløysa på 1851 moh. bak
Herberge.jpg (994620 byte) Nordfjordseter.jpg (824309 byte)   Skihytta.jpg (386563 byte) Battransport.jpg (504971 byte) Magne Magne.jpg (328434 byte)
"Herberge"  ved Storvatnet. Dette er ein gammal over- nattingsstad (under hellarar og steinar) Vi råka fram på ei Nordfjordsæter på vår veg   Dugnad på skihytta på Rellingsætra i 50-åra. Beising og anna arbeid
Foto: Oddvar Hjelle

 

Mange praktiske løysingar måtte til for å få  bilveg til Herdalssætra. Ei mil er vegen  (1950-åra).
Foto: Ivar I.  Krohn
Magne og Magne viser kunster på campingplassen i Geiranger i 1953

Muldal

I fjelldalen Muldal ligg to gardsbruk som er frå-flytta. Husa er bygde ganske nær djuvet der det før kraftreguleringa var ein høg og flott foss. Stien til Muldal svingar seg opp til høgre for elveleiet og er mykje nytta som veg for fotturistar i Tafjordfjella. Muldal ligg nær kraftbygda Tafjord, ein kilometer lenger inne i fjorden



VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE, HK:

Tilsette ved Volda vg skule, HK ved juleavslutninga i 1986


JONSOKBRUDLAUP

Tre jenter feirar flott jonsokbrudlaup i Nordfjord  !! (ca. 1976-77)

Fottur

Retting:                                                                                                                                                                                                                            

SAFTPRESSING

Norddal er ei mindre sunnmørsbygd der jordbruk frå gammalt har vore hovudnæringa. Men bruka var små og det måtte difor til fleire aktivitetar for å kunne livberge seg. Nokså tidleg kom ein i gang med bær- og fruktdyrking som frå 1930-åra vart viktig. Her, som andre stader på landsbygda, var folket sjølvhjelpte med det meste. Frukt og bær vart selde, men mykje vart også tillaga til bruk gjennom resten av året. Kvar haust vart det på gardane pressa store mengder med rå eplesaft som var ei velsmakande og sunn drikke. For å kunne bevare denne måtte safta varmast opp til om lag 80 grader. Resten av året kunne så den helsebringande og gode safta nyttast både som drikke og til matlaging. Av og til vart safta nytta til cider og fruktvin.
     Eplesafta vart produsert på ei heimelaga fruktpresse. Fleire slo seg gjerne i lag og hadde triveleg eplesaftproduksjon i lune  haustkveldar.

Prossessen med eplesaftpressinga gjekk om lag slik føre seg:

Etter at epla var vaska, vart dei grovt melne til ei masse med ei kvern som var laga til det formålet. Kverna vart driven av ein elektrisk motor.  Til saft vart gjerne brukt nedfallseple og eple av ringare kvalitet.

Den melne massa vart lagt inn i silklutar på eit brett. 5-6 brett vart så lagt i ein stabel inn i saftpressa.

Stabelen vart  pressa saman ved hjelp av ei kraftig skruordning. Dette var tungt arbeid der det kanskje måtte to til for å klare å presse ut all safta. Safta rann klår og rein ned i bøtta, berre tørrmateriale låg att i silduken. Tørrmassa kunne brukast til dyrefor.

Prossessen er arbeidssam og tidkrevjande. Men resultatet blir framifrå då vi får ei velsmakande og aromatisk saft. Saftpressinga tok slutt litt etter litt med nedgangen i fruktdyrkinga, og i dag er det berre entusiastane som framleis held stand.

Meir om saftoppskrifter o.a. oppskrifter, sjå:
www.petrines.com/no/matkunst/oppskrifter.html 

Fotoeigar: Solveig Dale  

Matslalåm