Dyrdalen
i Norddal
Dyrdalen er ein fjelldal som skjer seg inn mot syd frå
hovuddalen Norddal om lag 2,5 km frå sjøen. Det er ein hengedal, dvs. at han
går inn i lia om lag 400 m.o.h. Ut av dalen sprutar Dyrdalsfossen kvit og
frisk med relativ jamn vassføring heile året. Kjem ein opp til inngangen, ser
ein godt korleis isen har forma dalen gjennom tusenåra. Du står framfor ein
U-dal med høge og steile fjell på begge sider. Til høgre (mot sydvest) ligg dei
taggete Skor'ne på over 1800 m.oh. nesten langs heile dalen. På andre sida Dermonsfjellplatået som
endar opp i Torvløysemassivet rett opp for enden av Dyrdalen. Torvløysa er 1851
m.o.h. og er den høgste toppen på Sunnmøre vest for Tafjordfjella.
Dyrdalen har fått namnet sitt etter reinen som i store flokkar frå innlandet
søkte beite her, kjølte seg på isbreane i dalen og for å kome unna ulveflokkane.
Gjennom tusenåra var her etter forholda ei betydeleg reinveiding, noko svært
mange sòter og ledegardar er gode vitne om. Når reinsflokkane trekte til og frå
dalen, gjekk jakta føre seg på strategiske stader i terrenget.
Dalen har i hundrevis av år vore ein sætredal. Ved inngangen på vestsida ligg
Rellingsætra, dit det no er bomveg. Like ovanfor stølen ligg den eine skihytta til
Norddal idrottslag som vart oppsett på dugnad i 1950-åra. På andre sida av dalen
ligg Innsetsætra, 600 m.o.h., som var sætra til Norddal prestegard og dei seks
andre gardane på Innset. Sætredrifta slutta i 1953. Omlag 8 km i luftline
finn vi eit flott naturområde kalla Storvatnet, med tre fiskevatn under gamle
isbrear. Herifrå er det mogleg å gå over til toppen av Ørnevegen i Geiranger.
Grunneigarar nede i bygda har sett opp kjekke små hytter her, seks i alt. Dette
landskapet er ein flott del av verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland
 ein |
Sommar på Innsetsætra med Storvassområdet som dragande bakgrunn.
......... Dyrdalen om vinteren med aning av Torvløysa til venstre
- frå NIL-hytta |
Dyrdalen høyrer til verdensarvområdet: Vestnorsk
Fjordlandskap/Geirangerfjorden. På kartet er innteikna grensene der Innsetsætra
ligg innanfor, medan Rellingsætra fell så vidt utanfor. Sjølv om sæterdrifta er
lagt ned og dyrehaldet for det meste borte i dalen, er her mange spor og vitne
om kultur og miljø frå gammalt. Men fjell og dal er urøyvd og eit framifrå
tur-og naturområde. Med myrull, blåbær, molte - og fisk i vatn og elvar.
Både sommar og vinter er dette eit flott rekreasjonsområde (men sjå opp for
snøfonner). Ein Torvløysetur er relativt krevjande, men ikkje vanskeleg når ein
ser kvar ein går. Sjå: Geirangerfjorden
verdsarv
Sætrar i Dyrdalen

Innsetsætra, ei verdsarvsæter, ligg fredeleg i sola ca. 1,5 km inn i dalen.
Nedste del av Rellingsætra med reitar bak sela. Tverafjellet og Tollknivs-
Hovudbruket, Engeset/Norddal prestegard, sitt sel og fjøs midt på
stølen.
egga i bakgrunnen. Fleire eldre sel og høyløer er no borte (Foto i 2020)
7 bruk har sæterrett på Innsetsætra. Reitane ligg i hovudsak ned om sela
Begge desse sætrane gjekk ut av bruk i fyrste halvdel av 1950-åra, etter
mange hundre års drift. Øvstedelen av sætra ligg bak venstre bildekant
Dette er to bilde som viser glimt av den flotte enden av
Dyrdalen. Her finn vi to fjellvatn, det største er Storvatnet, som gir
namnet på heile denne perla av fjellnatur i dette området, og som ligg
ca. 8 km i enden av dalen, 900 moh. Området er større enn vist her,
omgitt av dei høgste fjella på Sunnmøre vest for Tafjordfjella
(Torvløysa 1851 moh og Fremste Skorene 1828 moh). Nærast ligg det flotte
Storvasshornet på 1560 moh med gammalisbrear nær inntil. Der er
gode råser på begge sider av elva som går midt i dalen. Med rås forbi
eit nytt vatn og oppgang til skar der ein kjem over til Gråsteindalen i
Geiranger.
I området finn ein mange gamle kulturminner: Mange sòter etter gammal
reinsjakt, gamle "herberge" og andre spor etter eldgammal aktivitet.
Langs etter dalen ligg dei svære Langhaugane, som er Møre og Romsdal sin
største frittliggande morenerygg på 1,5 km. Denne endemorenen er
resultatet av issmeltinga for 10000 år sidan. |