OM SÆTER- OG KULTURHISTORIE
Kultur- og lokalhistorie har lett for å døy bort saman med folket. Difor var det
viktig å skrive ned det vi
visste før det var for seint. Boka mi som skulle
handle om Innsetsætra i Dyrdalen, Norddal på Sunnmøre,
vart til slutt mykje meir. Grenda
Engeset (Innset) ligg fremst i sunnmørsbygda
Norddal, her ligg Norddal prestegard.
Eg har
skrive
om sætra og
utmarksliv, om "landet ikring", som er bygda, fjellområda og miljøet. Og fordi det
vart meir
enn lokalhistorie, har boka
allmenn interesse. Mange vil kople dette
til sine eigne minne.
Boka har tittelen: Langs sæterråsa
- frå prestegard til blåbre i Norddal
Du kan lese meir om boka på eiga
side, gå til sida her Eg er i gang med å selje
restopplaget.(sjå annonse på boksida)
LITT OM STADNAMN (Sida blir endra og påfylt etterkvart)
![]() |
![]() |
| Norddal, ei sunnmørsbygd (gl. bilete) | Sæter, fjell og dal - Innsetsætra i Dyrdalen |
Dialektord og vendingar har ein tendens til å gå i
gløymeboka . Eit opnare samfunn med påverknad
frå media og meir
reising gjer at bruken av lokale ord og uttrykk heile tida blir mindre.
Og med nye
generasjonar blir dette meir og meir merkbart. Ord som før
var sjølvsagde , er snart ikkje i bruk lenger.
Språket var ein viktig
del av miljø og kultur, og det har stor verdi å ta vare på det lokale
språket.
I boka mi som eg nemner ovanfor fall det naturleg å
bruke ord og uttrykk som har vore brukte i
Norddals-bygdene. Desse måtte
eg forklare og det vart etterkvart naturleg å utvide ordlista.
Til
slutt hadde eg om lag 1600 ord med forklaring og setningseksempel. Etter
at boka var ferdig
held eg fram med å skrive ned ord og uttrykk som eg
hugsa var brukte i heimbygda mi, Norddal
på Sunnmøre. Slik har
eg i dag ei samling på godt over 2000 ord med forklaring, og som regel
ei
setning der ordet er med. Dette er mi liste, eg har stor
interesse av å få supplert denne slik at vi til
slutt har fått
med det meste av eldre og daglegdagse ord og uttrykk.
| NOKRE
FÅ
EKSEMPEL
dragar m. eikòrstå adv. finnje åt v. forsegna adj. makketroe f. obye f. ròve v. såtime m. tyhlje f. ulljdurre f. øse v. |
- slag av hand, knytteneve. Pass dej, du kan få en dragar når se helst - ein eller annan stad. Brokja må vere eikòrstå - kritisere, spotte. Du treng ikkje finnje åt mej for dæ - overraska, overgidd. Solveig va reint forsegna åver dei - lang fiskestang utstyrt for makkefiske. Han smia 'nå ei makketroe ta rogn - noko gale, ugagn, øydelegging. Gutane gjorde ei fola obye då dei knuste glasa - kare til seg, skrape i hop. Han ròva tej se dæ se va - rotekopp, person som ikkje har intitiativ. Ej hæ'kje sett makjen tej såtime! - tak, ykt, arbeid. Nei, no må ej ta ei tyhlje att - ullunderbukse. Hæ du sett ulljdurrå mi? - halde leven, tøyse. Nei, no va dæ fole k`yr dòkke øsa! |
SKISSE OVER NOKRE GAMLE BRUKSTING
![]() |
![]() |