MEDIAINNBLIKK SALTOMEISTER HISTORIE TILBAKEBLIKK Norddal idrottslag som vart starta i 1930 hadde sin gullalder etter krigen. Spesielt var vinteridrotten viktig med både langrenn, hopp og alpint. Men spesielt var alpinaktiviteten viktig, dette var slalåm, storslalåm og utfor. Laget hadde på det meste 20-30 aktive både kvinnlege og mannlege alpinistar. Medlemmane deltok i renn lokalt, på fylkesplan, men også i nasjonale renn som NM og andre med gode resultat. Laget arbeidde fram fleire løyper i bygda som var mykje brukte fram til 70-åra då aktiviteten minka pga. utflytting m.m. Eg har laga ei billedbok på om lag 70 sider med glimt frå ei flott tid med mange fine konkurransar og sosialt samver med skifolk i mange samanhengar. Boka er ikkje trykt for sal, men sirkulerar mellom "gamle" og gode skikameratar. Dersom det viser seg interesse, kan vi kanskje få ho trykt til fleire? |
(FRÅ AVISINNLEGG I STORFJORDNYTT 3. juni 2011) ![]() |
![]() |
![]() |
Magne i ein av sine fenomenale saltoar, sjølve kjennemerket på NIL si skihistorie |
Glimt frå NIL-historia
Syskenbarna Arne og Lars Storås
var sentrale ved oppstarten av, og den fyrste tida, i
idrettslaget. Lars var 1. formann etter starten av laget i 1930. Og var i
mange år ein aktiv deltakar i fleire idrettsgreiner. Arne var formann i laget under heile krigen
og seinare , og elles alltid med seinare. Begge
budde sentralt, og ved Kyrkjemyra, der mykje av
aktiviteten den fyrste tida
gjekk
føre seg.
Den fine NIL-logoen er utforma av
ein av dei tidlegare sentrale medlemane i laget; Jon Reidar DaleLike etter
krigen, rundt 1950 starta bygginga av den populære skihytta
til NIL. Her er vi i 1953, den fyrste delen er ferdig, men utan
bordkledninga, slik at vi ser dei kraftige tømmerveggane. Som er
røykstova som vart teka ned i Jørengarden i Dale. Frakta opp hit på
Selhaugen ovanfor Rellingsætra. Og sett opp på dugnad av drettslaget
og bygdefolket. Seinare (1956) kom soveromsdelen. Dette har vore ei
utruleg populær og nyttig hytte, til idrettsarbeid,
men og som sosial møteplass. Hytta er velstelt og like fin i dag, i 2022
Som eit førebels tilbakeblikk kan nokre litt dårlege avisutklipp vere ei lita hjelp. Skal ein gi eit meir seriøst tilbakeblikk av den rike historia til NIL, må det leggast meir arbeid i saka. Det kan kanskje kome etterkvart. Det burde vore laga ei bok om denne historia for einkvan med initiativ
![]() |
![]() |
![]() |