Innsetsætra i Dyrdalen, Norddal, Sunnmøre

   -  Lokalisering
   -  Stølen 
   -  Bilete frå sætra  
   -  Gamle foto  
   -  Nyare bilete
   -  Transport  
   -  Torvløysa  
   -  Sætrevegen
   -  Siste bjørnen
   -  Kulturminne
   -  Gå til boka




   -  Til forside

Innsetsætra er sætra til Engesetgardane i Norddal på Sunnmøre. Ho er å finne i den serprega og vakre Dyrdalen.  
7 bruk var tilknytt sætra med prestegarden  som det eldste.  Dette er hovudbruket som  har vore prestegard i Norddal 
prestegjeld sidan 1694. Sætra er minst like gammal, og har kanskje historie heilt  tilbake til Heilag Olav si tid?  
Sætringa var særs aktiv før og etter 1900, men tok slutt i 50-åra. Stølen ligg lett og fint plassert, med flott utsikt 
til fjell og blåne. Stølshusa er bra bevarte, og sætra er eit godt turmål og utgangspunkt for turar til Storvatnet med 
sine vatn og isbrear, og til Torvløysa, det høgste fjellet på Sunnmøre vest for Tafjordfjella.

Her kan du finne ein bitte liten smakebit av det du finn i boka om sætra, gardane, fjella og bygdemiljøet :

LOKALISERING

wpe72936.gif (247098 bytes)

  Bygda Norddal ligg
  på Indre Sunnmøre     
  og er ei av 5     
  bygdelag i Norddal  
  komm.  
  Innsetsætra ligg i   
  Dyrdalen som ein 
  ser midt på 
  teikninga går
  inn til høgre for eit
  stort fjellmassiv 
  med toppen 
  Torvløysa   (1851 moh). 
   Sætredalen er ca. 
   8   km  lang, også
  Rellingsætra  ligg i
  her.

  (Teikning: Jon Dale)
 

STØLEN:

onkel ole innsetsetra.gif (192027 bytes)

  Stølen    
  fotografert
  1920-åra.
  Frå v.:
  Gunnafjøsen,
  Gunnaselet,
  Sevrinselet, 
  Presteselet,   
  Holeselet   og 
  Innsetselet.
  Nærast ser vi
  Klokkarselet      
  med  hes  på    
  inngjerda 
  reit.


  Foto: Ole Nydal

 

wpe38473.gif (368762 bytes)
Varm sommardag 1999. Lunt og stille ligg setra i frodig landskap.      Foto: Jon Kåre Storås

luftfoto setra.jpg (56423 bytes)
 

 Innsetsætra 
 hausten  2000 frå 
 Daurmålsfjellet.
 Vi ser at reitane 
 tek til å gro att og 
 skogen "nærmar"  
 seg sætra.
 Til v. nede det nye
 Gunnaselet og oppe 
 til høgre den  nye 
 Innsethytta.  Heilt 
 nede til h. Sevrin-
  fjøsen. Nærast ligg  
 Klokkarselet

 
Foto: Jon K. Storås

 
molter.jpg (66309 bytes) innsetsetra jakt.gif (126472 bytes) dyrespor.jpg (108118 bytes) seterpaaske.jpg (124249 bytes)
Molter frå Dyrdalen

 

Nede på sætra etter haustjakt på Daurmålsfjellet

Fotos: Arne Nydal


"Mystiske"   dyrespor frå Daurmålsfjellet


 
           Påske på Innsetsætra

        Foto: Kjell Krohn Dalen

 

Innsetsætra2.JPG (120451 bytes)   Innsetsætra   
  om vinteren. 
  Daurmåls-
  fjellet bak.
  Området er
  flott til frilufts-
  liv  sommar   
  som vinter
  med turar
  til Storvatnet  
  eller
  Torvløysa
  

  Foto: Ivar   
  Grønningsæter


GAMLE FOTO

Her presenterer eg eksempel på nokre av bileta vi har om Innsetsætra:

prestetroppa.jpg (61633 bytes)   Gruppe fotografert
  framfor Presteselet på
  Innsetseætra ca. 1934
  Fotoeigar:
  Marie Engeseth Berdal
  Fotograf ukjend


  Bak frå v:
  Odd  Grønningsæter,
  Georg Lilleås, Ottar Engeset
  Midtrekka:
  Leif Engeset,  Laura Dahl, 
  Gudrun Veiberg,  
  Martin  Innset, Borgny Lilleås,   
  Arnhild Dahl, Kalla  Dalen,
  Framme frå v:
  Petra Dalhus,  Solveig  Berge,   
  Laura  Relling
 

 

Sætretauser og gjester på Innsetsætra ca. 1937+-
framfor Sevrinselet
Fotoeigar: Marie Engeset Berdal
Fotograf: Ukjend

Frå v.: Lovise Relling, Marie Engeset, Ingrid Relling,Arnhild Dahl,  Laura Relling, Helge Relling?, Georg Lilleås, Hanna Hjelle, Borghild Dalhus, Borgny Lilleås
sætrejenter.jpg (41571 bytes)
SÆTREVEG/TRANSPORT:
trevegen:  
Sætreråsa krokar seg opp lia frå
bygda til Brunene. Derifrå gjekk den gamle råsa på skrå opp og fram til sætra i slakare terreng til den nye køyrevegen kom i 1940.  Vegen opp til Brunene var tung med ein høgdeskilnad på knappe 400 m,  høgdeskilnaden mellom Brunene og sætra var berre vel 100m. I slutten av 30 åra vart det bygt ny veg frå sætra til Brunene (1,2 km), denne vegen låg lavare enn den gamle sætreråsa. Det tok ca. 3 år å  bygge denne vegen som var heilt ferdig i april 1940.

Kvila var mykje nytta. Det første vi trefte nedanfrå var Sandbakkjen. Det 2. kvilet var: Kvilebjørkja.
Her hadde vi god oversikt over heile bygda, fjorden og andre sida før skogen voks opp. Det 3. kvilet var frå gammalt: Keisarkvile, dette ligg eit lite stykke frå Brunene på gamleråsa. Dette var eit stort, godt steinhellekvile som var svært mykje brukt.
Ingen kan seie korleis kvilet har fått namnet sitt.

 
"Strengane"  (Taubane)
  I
eldre tid måtte alt berast opp og ned frå sætra.
  Og dette var nok eit slit når vi veit at   
  høgdeskilnaden  mellom Prestegarden og sætra var 
  fram mot 500  høgdemeter. Aktiviteten auka 
  etterkvart og behovet  melde seg sterkare etter eit 
  hjelpemiddel i  transporten. Eit strengesystem vart 
  planlagt og bygt.

  Og  i 1934 vart det vi kalla "Strengane" ferdig. 
  Dette var ein dobbel løypestreng som gjekk heilt 
  frå  Brunene og ned på røra ovanfor  prestegarden. 
  Dette var ein framsynt og effektiv konstruksjon 
  som  fungerte etter vektprinsippet.

  Strengesystemet fungerte framifrå og var ei 
  kjempestor forbetring frå tidlegare. Her vart 
  sendt ned   mjølk, høy og ved. Og opp kom 
  proviant, byggetilfang   og anna. Det knyter seg 
  mange historier til  "Strengane". Desse får vi ta ein 
  annan gong.   

Sætrevegen

             
seterveg.jpg (377787 bytes) Sætreråsa krokar seg opp det bratte berget og 
utgjer ei stigning på 500 høgdemeter. Kvar dag 
i 70-80 dagar gjekk sætretausene opp
og ned denne krevjande stien. Om morgonen med 
mange liter mjølk på skuldrane unnabakke i lia. Ikkje 
anna vente at forma vart glimrande etter
nokre dagar i dette terrenget 
"Far etter folk".
Det var herleg å kome opp på Brunene etter den 
bratte oppstigninga og treffe den breie, fine  gras-
voksne vegen i bjørkeskogen. Og mange beundra
denne vegen og det arbeidet som var gjort her. 
M.a. sa ein fjellmann, at dette var det "argaste 
han hadde sett"

.
"Den nye sætrevegen" frå 1940 råkar  vi på straks 
vi har nådd Brunene.
 Dette  biletet er frå 1971. No ligg vegen grasvoksen  
og fin, men er lite brukt, tildels attgrodd og  ustelt
 lenger framme.





TORVLØYSA
er det mest markante fjellet mellom dei mange fine og dramatiske fjella vi har i dette området. Litt anonymt, men ruvande ragar Torvløysa 1850 moh. mellom Herdalen og Dyrdalen. Fjellet er det høgaste fjellet på Sunnmøre vest for Tafjordfjella og kan nåast både sommar og vinter. Innsetsætra er det enklaste startpunktet for Torvløysturen. Men fjellet kan overvinnast frå fleire kantar, både frå Herdalen og Storvatnet går ruter til topps. Vinterturen bør helst gå frå Innsetsætra.
I boka mi som er omtalt tidlegare har eg med meir stoff om Torvløysa og Storvatnet.

STORVATNET er vatnet som ligg i enden av Dyrdalen, vel seks luftkilometer frå Rellingssætra. Her ligg tre vatn og blinkar, fjella reiser seg på alle kantar, men naturen  er fin og variert. Via  Ihljøstdalen i sør går det rås til Gråsteindalen som endar på toppen av Ørnevegen (Geirangar-Eidsdal).
Torvløysa er pynta med kvit puddersnø midt i oktober.

 

 

  

Foto: Arne Nydal 2003                                                                                    


Bjørnen:

NYARE  BILETE

Presteselet.jpg (881981 byte) Setra 2.jpg (522311 byte) Prestegarden.jpg (1016077 byte)

Myrull.jpg (742263 byte)

Selet til prestegarden 
er enno i statseige. Vedlikehaldet har vore dårleg siste åra, og selet er sterkt til nedfalls. Det er særs trist at ein rik eigar let verdifull kulturhistorie gå tapt.
Biletet er teke på Innsetsætra og vestover mot bygd og fjord. Vi ser Rellingsætra til venstre i bakgrunnen.  På haugen ovanfor Rellingssætra  ligg hytta til idrottslaget  Frå Brunene har vi god utsikt til den store moreneflata der Norddal prestegard ligg. Dette er Innsetgrenda med 7 gardsbruk som no er lite drivne. Det er mange fine motiv i Dyrdalen. På myrane viftar myrulla svakt i sommarbrisen på veg mot Storvatnet og det markerte Storvasshornet med isbreane under.

Kulturminne 
          I fjellområda i Dyrdalen finn vi mange spor etter reinveidinga som fann stad her i førhistorisk
tid. Under og etter at innlandsisen smelta  for tusener av år sidan,
har villreinen vandra hit i 
varierande grad.  Når ulvemengda i innlandet var stor, vart villreinen trengd vestover
til desse fjella. Og her var det også gode beite i kanten  av isbreane. Presten Hans Strøm som skreiv
om folk og natur på Sunnmøre på 1760-talet, skriv at bøndene dreiv ei utstrakt reinsjakt i Dyrdalen.
Og fagfolk seier at det er villreinen som er opphavet til namnet på dalen.
         I fjella kan vi enno finne eit stort tal med jaktplassar der veidarane sat og felte rein som passerte
eller vart jaga forbi. Desse sitjeplassane vert kalla sòter og er kulturminner som er vel verdt eit besøk.