VERDSARV  -  NATURARV
Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland kom i juli 2005 på Unesco si liste over verda sine
viktigaste kultur- og naturverdiar (World Heritage List). Storfjorden på Sunnmøre endar i fleire
fjordar m.a. Geirangerfjorden og Tafjorden. Heile dette området er  noko av det flottaste av det vestnorske
fjordlandskapet, eit landskap som er utpeika som det beste turistmålet vi har i landet.
        Blanke fjordar som er omkransa av steile bergsider  opp til 1800 m.o.h. Talrike fossefall og varierande
vegetasjon med spor etter gammal busetnad. Vi finn frodige og fruktbare bygd- og fjelldalar som isen
dramatisk har skapt gjennom historia. Bak dalane finn vi varierte fjellområde med fjellvatn innover mot
innlandet. Her er gammalis og fleire kulturminne, m.a. spor etter ei aktiv veiding etter villrein og etter andre
utmarksaktivitetar, som slått, sæterdrift og fiske. Fjellområde og kulturlandskap er no sikra av Stortinget 
(Geiranger - Herdal landskapsvernområde). 
        Folketalet i desse fjordområda har gått tilbake siste åra, mest på grunn av mangel på sysselsetting.
Sjølv om dei gamle drifts- og livsformene har gått sterkt tilbake, finn vi enno eit aktiv landbruk, og også 
sæterdrift (Herdalssætra). Verdsarvutnemninga krev at landskap og næringsliv blir halde i hevd. Utnemninga  kan 
bli ei
god hjelp til å oppretthalde busetjinga i dette gamle området. Omgrepet geoturisme er lansert. Dette er
turisme som gjer seg bruk av det lokalsamfunnet har å by på: natur, kultur, miljø, eigenutvikla  produkt.
Men sjølv om turismen kan få eit oppsving etter verdsarvutnemninga, vil det vere behov for politisk hjelp slik 
at folket i desse bygdene kan makte å livberge seg,  halde kulturlandskapet vedlike og oppretthalde busetjinga.       

   Brudeferd 
   Linkar

 

 

 

 

Også bygdene kring 
Geirangerfjorden med  Eidsdal, Norddal, 
Dyrdalen og Herdalen er rekna inn under verdsarvområdet..

 

Under markeringa av  at 
Storfjordområdet kom med på 
verdsarvlista vart "brudefylgjet" rodd
på ein grønblank fjord frå Eidsdal 
til kyrkjeplassen i Norddal. 
Med spelemann i gammal båt -----
som i gamle dagar

 

 

     
     HER KAN DU FINNE MEIR OM     
     FJORDLANDSKAPET  PÅ  INDRE 
     SUNNMØRE:

     -  Verdsarv  (off. side)
     -  Geiranger
     -  Geiranger/Trollstigen
     -  The happy end - Norddal
     -  Herdalssætra
     -  Dyrdalen
     -  Norsk Fjordsenter
     -  Tafjordportalen
     -  Fjellgarden Ytste-Skòtet
     -  Storfjordens venner
     -  Valldal Naturopplev.
     -  Petrines Gjestgiveri (overnatting)
     -  Litt geoturisme
     -  Strandafjellet