VERDSARV
- NATURARV
Geirangerfjorden og
Nærøyfjorden med omland kom i juli 2005 på Unesco si liste over verda sine
viktigaste kultur- og naturverdiar (World Heritage List). Storfjorden på
Sunnmøre endar i fleire
fjordar m.a. Geirangerfjorden og Tafjorden. Heile dette området er noko av det flottaste
av det vestnorske
fjordlandskapet, eit landskap som er utpeika som det beste turistmålet vi har i landet.
Blanke fjordar som er omkransa av
steile bergsider opp til 1800 m.o.h. Talrike fossefall og varierande
vegetasjon med spor etter gammal busetnad. Vi finn frodige og fruktbare bygd- og
fjelldalar som isen
dramatisk har skapt gjennom historia. Bak dalane finn vi varierte fjellområde
med fjellvatn innover mot
innlandet. Her er gammalis og fleire kulturminne, m.a. spor etter ei aktiv
veiding etter villrein og etter andre
utmarksaktivitetar, som slått, sæterdrift og fiske. Fjellområde og
kulturlandskap er no
sikra av Stortinget
(Geiranger
- Herdal landskapsvernområde).
Folketalet i desse fjordområda har
gått tilbake siste åra, mest på grunn av mangel på sysselsetting.
Sjølv om dei gamle drifts- og livsformene har gått sterkt tilbake, finn vi enno eit
aktiv landbruk, og også
sæterdrift (Herdalssætra). Verdsarvutnemninga krev at landskap og næringsliv blir halde i
hevd. Utnemninga kan
bli ei god hjelp til å oppretthalde
busetjinga i dette gamle området. Omgrepet geoturisme er lansert. Dette er
turisme som gjer seg bruk av det lokalsamfunnet har å by på: natur, kultur,
miljø, eigenutvikla produkt.
Men sjølv om turismen kan få eit oppsving etter verdsarvutnemninga, vil det vere
behov for politisk hjelp slik
at folket i desse bygdene kan makte å livberge seg, halde kulturlandskapet vedlike
og oppretthalde busetjinga.
![]() |
Brudeferd Linkar
Også
bygdene kring |
![]() |
Under markeringa av at Storfjordområdet kom med på verdsarvlista vart "brudefylgjet" rodd på ein grønblank fjord frå Eidsdal til kyrkjeplassen i Norddal. Med spelemann i gammal båt ----- som i gamle dagar
|
![]() |
HER KAN DU FINNE MEIR OM FJORDLANDSKAPET PÅ INDRE SUNNMØRE: - Verdsarv
(off. side) |